LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 07/04 2002
Ramnenamn: Ramburevva, Ramnklauva, Ramnfløyholtet
Ramnereir (foto:hakre)
Ramnereir (foto:hakre)
(Uttale: ramburevva, ramkløuva. ramfløyhåjllte)

Ramnenamn e ei av di store namnegruppen hos oss.
Det kjem selvfølgelig av at ramn e en vanlig fuggel,
Og at folk legg merke tel han.
Tenk bære på korsn svartingen ser ut i snyen!

De namnan vi har i overskrifta her,
e alle på Stonglandet.
Ellers finn vi fleire ramflåg , ramneberg og ramklauve,
Ramfjorda, ramsund og ramnemyre over heile landet.
I kartserien M 711, de vanlige turkartan,
finn vi ca. 380 ramnenamn i Nord-Norge,
der ram (ramn) e førsteledd.
I heile landet er det over 1100 i same kartserien.
Og eg trur det e fleire enn detta som ikkje e kartfesta.
Ramn er altså heilt klart
et av de mest populære stadnamnan i Norge.
Legg merke tel at nesten alle namn med ramn uttales ram.
N etter m blir assimilert, som det heite.

La oss ta di tre namnan i overskrifta:
Ramburevva e kanskje det mest interessante.
Revv og revva i namn blir av og tel førveksla med ræv, rauv.
Men Ramburevva er ei lita revne i berget
utaførre Storklubben på Stonglandet.
Der e ikkje nokken høge berg i revva,
men namnet tyde på at her har vore ramnereir en gang.
Vi kan dele namnet opp i tre ledd: ramn-bu-revva.

Ramnklauva er også brukt om et bratt berg på Stonglandet.
Der har hekka ramn så lenge gamle folk kan huske.
Namnet kjem av ei kløft, altså ei klauv, like ved berget.

Ramnfløyholtet ligg i Lekangsmarka,
Ikkje langt frå ungdomshuset Solvang.
Det er også en av de eldgamle ramneplassan.
Ordet fløy her kjem av flyge –
altså holtet der ramnen flyg.

Så vi ser altså at ramn e populær i namn.
Det har kanskje nokka å gjøre med
at han e en så mobil, så bevegelig en fuggel.
Han e ofte på vengan, mykje skrik og skratt,
han e svart som en ramn og stel som en ramn.
Slik blei han lagt merke tel ,og marka blei namna etter han.

Ramn e jo også en kjent gudefuggel frå gammelt.
Guden Odin hadde to ramna.
Dem heitte Hugin og Munin, tanke og minne.
Kver dag sendte han dem ut i all verden,
Og dem kom telbakers og fortalte Odin om rikets telstand.

Og så e ramn en av di første på reiret om våren.
Han ligg alt og ruge
i mange Ramnfløye, Ramnflåg og Ramneberg
overalt i marka.

Ved hakre, kl 22:17
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: