LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja søk   mail
 
 
Namn på Senja 12/07 2002
Sommarsete – Sommarset, og andre seternamn
Sommarsete (foto:hakre)
Sommarsete (foto:hakre)
Uttale: sommarsæte - sommarsætt
tekst/foto:hakre


Mange folk heite Sommerset eller Sommerseth.
Utgangspunktet er Sommarsete.
Det brukes om sommarboplass.
Sisteleddet set/sete e det same vi har i seter.
Betydninga av set/sete synes nokså enkel:
I de fleste telfellan e det boplasss,
der man sett eller bor.
Tenk på Finnset-namnan, der sama har bodd,
og som ganske enkelt betyr samesetet.

I Tranøy har vi Sommarsete under gården Frovåg.
Plassen ligg like austaførr Frovåg
Mellom riksveien og havet.
Der e frodig med gress og blomster.

Det har nok vore fast boplass lenge der,
i alle fall frå middelalderen av.
I ny tid va der husmannsplass.
Vi finn enno tufte etter husan.
Men i en periode har det nok vore sommarboplass
Førr folket på en gård, antakelig Frovåg.
Det va ikkje så uvanlig å ta dyr med seg
og fløtte ut i marka sommars tid, langt eller kort.

Namn på seter blei brukt på same måten.
En slik gård har vi ytterst i Tranøy,
mellom Skrolsvika og Sjursvika.
Andre seternamn hos oss e Gammelseter i Tranøybotn,
som førutsette en nyare seterplass.
Og det har vi da også lenger inne i Tranøybotn,
der vi også har det nye namnet Setervollen.
Di gamle namnan Seter og Gammelseter
går på at Tranøy-prestan hadde dyran sine på beite der,
delvis med husmannsungan som gjetara.

Ho Sirianna på Sommarsete
En av husmannsfamilian på Sommarsete, antakelig den siste,
va han Henrik Meyer Henriksen og kona hans, ho Sirianna.
Han Henrik Meyer døde i 1875,
og ho Sirianna satt igjen med fire unga under 17 år
og ei voksne datter og en voksen sønn.
Han var feskar og ho budeia.
På plassen fødd dem da 10 saua, 6 geite og to grisa
og sådde to tynne potet og litt bygg.
Då husmannsfamilien fløtta bort,
høsta han Martinus i Frovåg 12 lass høy på plassen.
Det førtellte ho Johanna på Myrvang,
mor tel ho Petrine som bor der no.

I dag står det bare ei hytta der husmannshusan sto.
Og så høymugla og legevendelrot og mjødurt.
Det lukte søtt og godt der.
Men korsn hadde ho Sirianna det på Sommarsæte
då ho blei enka der førr 127 år sia?

Hakre

Bildet viser Sommarsæte i dag mellom veien og havet.
Ved hnn, kl 21:35
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: