LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke > Namn på Senja mail
 
 

Klikk her for:
Mail til Budstikka eller for Søk i Lokalavisa.no



Namn på Senja 13/05 2000
Ørja - korfør heite den det?
Ørja (foto:hakre)
Ørja (foto:hakre)
(Uttale: Ørrja)

Bildet: Ørja, som ei orga i havet.

Ørja uti Ajnnfjorn ligne på Torghhatten. Holl har ho også - langt inni berget, ikkje tvers igjønna Ørja. Men namnet har neppe nokka med hatten å gjøre. Eg har brukt nokken tima gjennom mange år tel å tenke over Ørja. Det blir jo som et tidsfordriv eller kryssordløysing det der med namn.
Om vi skal dømme etter det klassiske namneverket i Norge, Rygh: Norske Gaardnavne, så må namnet Ørja komme av aur og grus. Det holde ikkje. Finnes ikkje aur og grus i Ørja. Men Rygh innrømme vanskan: ”Hvorledes den har kunnet faa dette Navn, er vanskelig at forstaa. ... Det er mulig at Navnet har hensyn til Søgrunden omkring Øen”. Men det er meir enn tvilsomt.

Skrivemåten i Aslak Bolts Jordebok (1430-åran) er Yriom. Det har fått nokken tel å tenke på yr, fuktig luft med smått regn. Andre har funne ut at Ørja må ses i samenheng med Andørja som ligg på innersida av Senja. Det er ikkje mulig å finne en slik samenheng.
Eg kom tel å tenke på Carl Bertheussen, hillesøyværingen som åpna NRK for nordnorsk dialekt. Mange av oss vaks opp med Carl Bertheussen sin stemme i eteren, og eg glømmer ikkje den gamle mannen som kom til meg i Tromsø en gang og ville selge boka si med dedikasjon - Carl Bertheussen forteller. Han var allsidig interessert i lokalkultur og -historie. Og det var i et gammelt nummer av tidsskriftet Håløygminne lenge etter møtet med han at eg leste alle namneteorian hans. En av dem handla om Ørja. Det tok lang tid før eg skjønte at Carl Bertheussen hadde rett:
Ørja uti havet ligne på ei orga.(uttale med lukka o, ikkje å). Nokken sei orja). Det er ei stroppa som vi brukte på skien i gamle daga. Vi spente da skoen (eller komagen) inn i denne stroppa eller orga. Så satt skia fast. Slike skie kaltes orgeskie.
Orgeteorien er den eg held for rett. Og ein gong eg diskuterte namnet med språkforskaren og namnegranskaren, dosent Kåre Elstad, la eg fram Carl Bertheussen si meining. Elstad sa i alle fall så mykje at ”orgeteorien e ikkje umulig”. Seinare har no eg komme til at orgeteorien er den einaste mulige.

Ordet orga heitte urga i gammelnorsk. Det er blitt brukt om vridde vidje tel å feste med. Og det betyr også ”skiband”. Ordet urga vil naturlig ha utvikla seg til ørja. Og derfor heite Ørja Ørja. Ordet finnes også i nyislandsk og svensk dialekt. Det er no ikkje så uinteressant å tenke på gamle namn!

Se på bildet her av Ørja uti havet. Formen e som orga på ei orge-ski. Samenligningsnamn er veldig vanlig på hav og land. Her samenligna di gamle orga i havet med orga på skia.

Inne i Ørja er der ei utrulig høg og vid hula. Detta Resshajllet skal vi skrive om en ajnna gang.
Ved hakre, kl 19:43