LokalAvisa.no > Søndre Senniens Budstikke søk   mail
 
 
Nyheter 20/04 2017
Bok- og kulturbussen
"Bok- og kulturbussen" er for tida på Senja-besøk, og i desse dagar besøker dei skolen på Stonglandseidet.



Gjengen bak forfattarbesøket, med forfatteren-

"Bok- og kulturbussen" er eit prosjekt frå Kultur i Troms, og ble laget etter et forslag fra sørfylket, og opererer derfor i det området. Men dei er opne for innspel frå andre områder, og denne gongen sto ein turné på Senja for tur.
Tranøy kommune, Folkeakademiet og Kultur i Troms står for litteraturuka i Tranøy.
I går var det besøk av forfatteren Line Baugstø frå Kristiansand. Sida den første boka i 1986 har ho skrive fleire bøker, både for vaksne og barn. Ho var på skolen og snakka med dei minste elevane om barnebøkene, men om kvelden var det eit bokbad for dei vaksne.



Silje spør ut fofattaren-



Musikaren Abazar Hamid underheldt med eigne og andre sine songar-

Silje leia bokbadet, og ho har etterkvart fått erfaring med dette og gjorde ein fin jobb.
Baugstø fortalde om forfatterskapet og dei siste bøkene. Musikaren Hamid har budd vel to år i Harstad i prosjektet "Fri by Harstad". Han måtte romme frå Sudan, og har fått eit opphald i Harstad der han speler rundt omkring.



Dei seksten frammøtte fekk ei flott stund-

Leiaren for "Bok- og kulturbussen", Anne Gerd Lehn, noterte femtisju boklån, og på formiddagen var det trettito ungar innom bussen.




Ved omaas, kl 09:38
 
Melding til redaktøren
Fra:
Min emailadresse:
Beskjed:
Søk i artikler
Søkeord: