I MØRTNA  
av Erling Stangnes
(foto:hnn)


Når det e advent og blankstilla og stappmørkt omkring deg, og du likevel ser kor du skal gå, då e det godt å være på havet.
Og når du nettopp har fått resten av fesken i kassa i rommet - og det nesten ikkje e plass for meir, og du e så utpeisa og det tire i skuldran og i ryggen, då e det gort å være feskar. Då kan du sette deg et øyeblekk på luka og kjenne at egentlig så e du førnøyd. Mens du gløtta som snarast inn på radaren for å sjekke kursen, og du høre den pålitelige malinga av motoren under føttern. Og du går et par skrett bort åt rekka og ser ut i mørtna, - og ser alt lyset. Det skin i den svarte, blanke hekksjyen. Lysspyd kjem pilanes imot meg ifrå land etter den blanke båra. Tel og med ei adventstjerna oppi ei hytta kjem blenkanes heilt innåt rekka mi.

Men når eg kjem framom nesset og alt lyset ifrå Eidet plutselig e der, då bli det nesten førr mykje. Den blanke sjyen svæll leksom ikkje unna alle kilovattan innpå land. Eg skræve inn i rorhuset, slakke opp og dreie unna lyset et øyeblekk - for å se bedre. Innover Dyrøya heng en måneskalk nesten på rygg. Og stjernen kjem fram, fleire og fleire.
Det e mine lys.
Eg tar dem med meg og dreie innover igjen.